# Linja og Mørenett blir eitt selskap

https://www.tafjord.no/artikler/linja-og-morenett-blir-eitt-selskap

> Nettselskapa Linja og Mørenett har vedteke å slå seg saman, og blir dermed eitt av dei største nettselskapa i Noreg. – Vi står overfor store og viktige samfunnsoppgåver som vi er betre rusta til å løyse i fellesskap, seier selskapa.

Sti: [Hjem](https://www.tafjord.no/index.md) › Artikler › Linja og Mørenett blir eitt selskap
Publisert: 2022-12-16 · Oppdatert: 2026-09-04
Kategori: Fra virksomhetsområdene

---

_Kraftnett_

![Fem smilende menn i dress og navneskilt står side om side utendørs foran grønne trær.](https://cdn.sanity.io/images/ui6zzfw8/production/91cf7068b4f29918e95a6e5bfe12a9d73ef7af26-4032x3024.jpg)
_Samanslåinga mellom Linje og Mørenett vil ha verknad frå 1. mars 2023, og det samanslåtte selskapet vi halde fram med namnet Linja._

Linja er nettselskapet til Sogn og Fjordane Energi (SFE), medan Mørenett er nettselskapet til Tafjord Kraft og Tussa Kraft på Sunnmøre. Saman har dei nærare 100 000 kundar i 18 av kommunane i regionen mellom Askvoll i sør til Ålesund i nord, og dei eig i tillegg nesten alt hovudnett frå indre Sogn til Trøndelag. Når dei no slår seg saman blir dei det fjerde største nettselskapet i Noreg målt etter nettkapital, og vil ha rundt 300 tilsette.

– Det er eitt år sidan vi bestemte oss for å utgreie om vi burde slå oss saman. Vi har brukt tida godt, involvert tilsette i ulike arbeidsgrupper gjennom heile prosessen, og vurdert nøye både moglegheiter og utfordringar. Vi er no svært trygge på at dette er ei rett løysing for begge selskapa, seier Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD og styreleiar i Mørenett.

Samanslåinga vil ha verknad frå 1. mars 2023, og det samanslåtte selskapet vi halde fram med namnet Linja. Dei tre eigarselskapa vil ha tilnærma lik eigardel i det nye selskapet, med 33,8% for Tafjord Kraft, 33,3% for SFE og 32,9% for Tussa Kraft. Selskapet vil ha tre likestilte forretningskontor i Florø, Ålesund og på Dragsund. Selskapet skal leiast av Rune Kiperberg, som i dag er administrerande direktør i Mørenett. Atle Isaksen, som i dag leiar Linja, blir viseadministrerande direktør.

Nettselskapa peikar på store investeringar i samband med høgare forbruk, auke i kraftproduksjon og grøn omstilling som viktige drivarar for å slå saman kreftene.

– Straumnettet er ein kritisk infrastruktur i eit moderne samfunn, der elektrifiseringa og teknologiendringar no skjer raskt. Det viktigaste for oss er å bygge denne infrastrukturen på ein berekraftig måte, med god kapasitet og god forsyningstryggleik, og til ein lågast mogleg pris for kundane. Dette meiner vi at vi klarer endå betre saman enn kvar for oss, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Kundane til dei to nettselskapa vil på sikt få lik nettleige, då denne blir harmonisert over ein periode på tre år etter samanslåing.

### For meir informasjon, kontakt:

- Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD, mobil 905 20 033
- Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE, mobil 916 45 264
- Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, mobil 918 52 540
- Rune Kiperberg, adm. dir. Mørenett, mobil 911 85 786
- Atle Isaksen, adm. dir. Linja, mobil 952 56 457

## Relaterte artikler

- [Mer liv i bygd og by sammen med Momentium](https://www.tafjord.no/artikler/mer-liv-i-bygd-og-by-sammen-med-momentium.md) (Fra virksomhetsområdene, 2026-05-26) — Momentium er en viktig bidragsyter til kulturlivet på Sunnmøre. Gjennom festivaler, konserter og arrangementer skaper de opplevelser for både små og store i byen, i bygdene og på lokale scener gjennom hele året.
- [Nordvest Fiber er fusjonert med TAFJORD Connect](https://www.tafjord.no/artikler/nordvest-fiber-er-na-en-del-av-tafjord-connect.md) (Fra virksomhetsområdene, 2026-01-14) — Nordvest Fiber ble fusjonert med TAFJORD Connect i desember. Det betyr at TAFJORD Connect overtar levering av fibertjenester, fakturering og kundeservice i løpet av januar 2026.
- [Tafjord Kraftvarme og Bingsa Gjenvinning med avtale som sikrer viktig lokal energi](https://www.tafjord.no/artikler/tafjord-kraftvarme-og-bingsa-gjenvinning-med-avtale-som-sikrer-viktig-lokal-energi.md) (Fra virksomhetsområdene, 2023-05-03) — Tafjord Kraftvarme AS og Bingsa Gjenvinning AS har inngått en avtale som sikrer at alt restavfall fra husholdningene i regionen vil bli utnyttet til lys og varme lokalt de kommende årene. Avtalen gjelder ut 2030.
- [Overløp ved Zakariasdam](https://www.tafjord.no/artikler/overlop-ved-zakariasdam.md) (Fra virksomhetsområdene, 2022-06-27) — Stor snøsmelting fører til overløp ved Zakariasdam. Ønsker du å få med deg dette flotte skuet, er det bare å ta turen inn til Tafjord en av de kommende dagene.
- [Inngår avtale med infrastrukturfondet Infranode](https://www.tafjord.no/artikler/inngar-avtale-med-infrastrukturfondet-infranode.md) (Fra virksomhetsområdene, 2022-06-13) — TAFJORD har i dag inngått en langsiktig avtale med infrastrukturfondet Infranode. Dette for å videreutvikle telekomvirksomheten i konsernet.
- [Kraftig økning i fjernvarmen](https://www.tafjord.no/artikler/kraftig-okning-i-fjernvarmen.md) (Fra virksomhetsområdene, 2022-05-13) — Aldri før har det blitt produsert mer fjernvarme i Norge enn i 2021. I Ålesund var det rekordleveranse etter ytterligere utbygging av fjernvarmenettet og nye kunder som knyttet seg på.

[Gå til nyhetsarkiv](https://www.tafjord.no/artikler.md)

---

Denne siden finnes også som HTML: https://www.tafjord.no/artikler/linja-og-morenett-blir-eitt-selskap
Alle sider som markdown: https://www.tafjord.no/llms.txt · Sideindeks: https://www.tafjord.no/sitemap.md
Tafjord kundeservice: https://www.tafjord.no/hjelp.md
